Som i fjor vil det på årets Fjellfilmfestival bli ølcruise med lokal mat frå Bessheim Fjellstue og drikke på Gjende. Men nytt av året er at ølcruiset vil foregå ombord på begge Gjendebåtane, på laurdag under festivalen.
Det lokale bryggeriet Små Vesen kjem attende med sine spennande øltypar for å gje engasjerte Fjellfilmarar ein smaksopplevelse dei seint vil gløyme.

- Dette gler me oss særs mykje til, eit ølcruise på Gjende er ein perfekt plass å smake på og høyre om Små Vesen, seier Kristian Belsheim, dagleg leiar i Små Vesen.

Biletet viser Kristian Belsheim i aksjon på ei tidelegare ølsmaking, garantert i gang med ei lur historie. (foto: Cathrine Dokken)

For Små Vesen har ikkje bare øl å by på. Som dei seier sjølv er ølet deira brygga på godt handverk og lagspel med dei underjordiske, og ein ikkje skal lenger tilbake enn på 1800-talet før folk trudde at det var dei underjordiske som gav alkoholen i ølet. Så på årets ølsmaking kjem du ikkje bare til å få smake på øl, men og høyre livlege historiar om vesena som namnet Små Vesen har sitt utspring i.

- Små Vesen høyrer til i fjellheimen, ølsmaking på Gjende vert magisk! Djupe vatn, store fjell, Små Vesen – kan det verte betre? seier Belsheim.

Vi gler oss, og vi har fortsatt nokon plassar ledige på cruiset! Skaff din her.
Og du, bunka med festivalpass blir stadig mindre! Om du ikkje har sikra deg pass til årets festival ennå, er det på tide! Du finn ditt pass her.