1. april samme år, vert denne artikkelen lagt ut på dnt.no"DNT innfører ny merking i fjellet". Det tek fyr i sosiale medier då saka vert posta på Facebook.

- Responsen var enorm og einstemmig: Folk syntes det var ein god idé. Me lytta sjølvsagt til det og innførte sjekkefargar i fjellet. Raud hue om du er i eit forhold, grøn hue om du er singel og open for kontakt, seier kommunikasjonsrådgjevar i DNT, Mari Stephansen. 

Sidan den gong har grøn hue blitt eit uttrykk og ei merking dei fleste friluftsglade, single har høyrd om.

-Kler du deg i grøn hue på tur, vert du lagt merke til, og du sender ut signal om at du er tilgjengeleg.  Det er med andre ord lurt å gå for ein anna farge om du ikkje ynskjer å bli sjekka opp, seier ei leeande Stephansen. 

Enklaste måten å visa sivilstatus på

John Tore testa den nye merkinga, og sat kursen mot sirkusteltet og dunjakkediscoen for fire år sidan. Det tok ikkje lang tid før han såg ei anna, søt jente kledd i grøn hue, Kristin Dvergsdal Haugen. Dei to sunnmøringane får raskt god kontakt og fortsett datinga utover hausten.  I dag er paret gift og bur saman med dottera si på Sunnmøre. Bryllaupet føregjekk sjølvsagt til fjells, og John Tore hadde den grøne hua i brystlomma.

 

Fire år etter det fyrste møtet i sirkusteltet ordnar dei seg barnevakt og tek turen til Gjendesheim på nytt:

- Fjellfilmfestivalen kjem alltid til å ha en helt spesiell betydning for oss. Kombinasjonen av filmar, foredrag, aktivitetar og dunjakkedisco er en sikker vinnar. 

-Gode odds for match

Psykolog Frøydis Lilledalen seier til NRK at det er mykje som skal klaffa for å finna ein kjærast på byen.

-Det er ikkje nødvendigvis lett å koma i kontakt med nye menneske på ein utestad, og ein av utfordringane er å klara å sjå kven som verkar tilgjengeleg. I så måte er det langt betre odds for klaff dersom ein kler seg i grønt på tur, meiner psykologen. 

Fjellufta gjer noko med deg

Kristin og John Tore er begge bevis på at noko så enkelt som ei grøn hue kan gjera nytten. Råda frå dei to til andre på jakt etter kjærleiken er:

-Dersom du ynskjer å finna noen som deler interessa for tur og friluftsliv, så er Fjellfilmfestivalen den perfekte staden å leita. Ein møter likesinna i eit veldig avslappa miljø, og ein får mogelegheita til å bli kjent med folk anten gjennom aktiviteter eller bare ved å være der. Det er rett og slett mange glade og flotte folk på Fjellfilm! Og så skal ein ikkje sjå vekk frå at fjellufta gjer noko med ein…!

Slik ordnar du merking til Fjellfilm: 

  • Arv frå ein ven som har funne lukka og dermed skifta til raud
  • Kjøp i nettbutikken til DNT
  • Strikk di eiga!