DNT ung tilbyr både turinfo, turleiarar, kurs og konkurransar på Fjellfilm. Men det Reiten er ekstra stolt av i år, er det nye samarbeidet med Bergans:

– Alle som vil, kan få fiksa turutstyr dei har liggande. Zipper på glidelåsar, hol i klede, og andre små reperasjonar kan du prøve å fikse, seier Reiten. 

Ta med eigne klede

I dei sju Miljøvettreglane som vart lansert av DNT ung og POW Norge i 2016, er det å ta vare på tur-utstyr viktig. Regel nummer to er "Sats på opplevingar, ikkje utstyr", og regel nummer tre er "Fiks alt, alltid". 

– Me ynskjer at turutstyr skal ha lengst mogeleg levetid. Du kan kjøpe brukt, og viktigast av alt er at ein alltid bør fikse utstyret om ein har fått ei rift eller liknande. Med fiksing på Fjellfilm håpar me fleire blir inspirerte til å vere meir miljøvenlege, seier Reiten.

Ho oppfordrar alle festivaldeltakarar å ta med jeg friluftsklede dei vil fikse, og dersom dei har friluftsklede som kan bli til noko nytt, så er det sjanse for å prøve seg på redesign også.  

– Om du har med eige utstyr til redesign så er det kult. Det er kjempemoro! Me i DNT ung gler oss masse til å sjå kva folk vil lage, seier Reiten. 

Og dei to frivillige som du finn på standen er klare for å hjelpe og inspirere dei som kjem innom. 

– Det er utruleg spanande å vere kreativ og gi nytt liv til gamle ting, seier Maria Mathisen.

– Fiksing og reparering gir i tillegg ei god mestringskjensle, legg Hans-Martin Erlandsen til. 

Dette kan Bergans og DNT ung fikse på Fjellfilm:

  • Sy eller tette hol i både i skalbekledning og boblejakker.
  • Glidelås, enkel reparasjon av dragar (men ikkje utskifting av glidelås). 
  • Re-sy saumar som har gått opp/sprukke, og fikse så det blir vasstett.